Ombygging frå ku til sau

12.03.2015 (Oppdatert: 12.03.2015) ,  Edvin-A Hugvik | Nyhet

Gjennom prosjektet «Sau i pluss» har Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane utarbeidd eit praktisk hefte med døme på ombygging av eldre kufjøs. Eldre bygningar kan på denne måten bli moderne sauefjøs.

Bilde av framside på heftet

Kostnadene ved nybygg er høge og tvingar ofte bonden til å utvide buskapen. Ved å nytte eksisterande kufjøs vert kostnaden lågare og det gjev ein tilfredsstillande økonomi også for mindre buskapar. Ved ombygging vert husdyrrommet fornya samstundes som ein nyttar eksisterande fôrlager, gjødsellager, tak og veggar. Kostnaden vert då kring kr 7000,- pr vinterfôra sau. Heftet omtalar også viktige problemstillingar som drenerande golv, grovfôrhandtering, kraftfôrautomat og ekstra lammeareal.

I Sogn og Fjordane er snittbuskapen på 56 vinterfôra sauer. Dette er for små buskapar til å forsvare eit nybygg, og ved større investeringar vel då fleire å slutte med sau. Kostnaden ved ei ombygging kan vere det halve i høve til eit nybygg og dette gjev gode løysingar i isolerte hus.

 

> Hefte frå ku til sau  Moderne sauefjøs.

 Pilotfjøs nummer tre i prosjektet er eit ombygd kufjøs i Jølster. (Foto: Edvin-A Hugvik )