Fjøssystemer og Lely samla 450 kundar til jubileumsfest

02.04.2014 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Bjørn Steinar Skarbø | Nyhet

I februar samla Fjøssystemer og Lely kundar og andre kjenningar til markering av at det er ti år sidan firmaet i Gudbrandsdalen starta å selje utstyr frå den nederlandske produsenten. Jubileumsmarkeringa i Trondheim innheld foredrag med godt fagleg innhald, produktmønstring, og ikkje minst fest med landets festlegaste band: DDE.

Administrerende direktør i Fjøssystemer Åge Stenumgård (i midten) saman med Per Olav Skjølberg i Norsk Landbruksrådgiving (t.v.) og Tore Wiik frå Landbruk Nordvest.

Fokus var på utan tvil på det nyaste innan fjøsstell med mjølkeroboten «Astronaut», fôringsroboten «Vector» og skraperoboten «Discovery». Desse og andre produkt kunne studerast i hallen på Trondheims nye storhotell.

I salen var det foredrag med vekt på kunnskap om fleire sider av mjølkeproduksjon med dei moglegheitene dagens fjøsustyr opnar for. Spesielt innan fôring. Også erfaringar frå bruk av utstyret vart formidla.

Moderne utstyr både frå denne og andre produsentar - saman med avl og fôringskunnskap - har ført til avdråttsauker større enn mange kunne tenke seg for ein del år sidan.

 

  Harald Volden frå Tine var ein av fleire engasjerte foredragshaldarar på høgt fagleg nivå.

Robotringar

Fleire poengterer den sosiale effekten skapt i kjølvatnet av det moderne utstyret. Med dette som felles faktor har brukarar danna «robotringar» der dei held tett kontakt og deler kunnskap og erfaring.

Ikkje minst under det selskapelege samværet om kvelden såg ein gjengar som held godt saman under stor stemning.

Dette vart ikkje akkurat dempa av DDE og frontfigur Bjarne Brøndbo. Dei spelar musikk som finn klangbotn hos oss som bur på bygdene, og responsen frå salen let ikkje vente på seg. Hadde ikkje hovmeister og hennar medarbeidarar vore snar å greipe inn, ville nok tilløpa til dansing på borda utvikla seg til både knekte bordbein og knust krusty. 

Mange frå Møre og Romsdal

Også frå vårt fylke var det ei rekkje bønder som hadde funne vegen til Trondheim og sette pris på arrangementet. For sjølv om det blå merket er marknadsleiar også her, har det raude òg ein solid posisjon og deira foringsrobot nr 1 og 3 i landet ruslar og går i vårt fylke.

Nr. 2 vart montert i Oppland hos Ola Kvarberg. Han var til stades på kongressen og delte sine erfaringar.

 

 Ola Kvarberg frå Vågå fekk montert Vector foringsrobot nr 2 i Noreg. Nr. 1 og 3 er montert i Møre og Romsdal. 

Positivt

– Det er positivt av Fjøssystemer å fokusere på kundane når dei feirar jubileum, seier Per Olav Skjølberg som er fagkoordinator for byggteknikk i Norsk Landbruksrådgiving og var til stades på kongressen. Ikkje minst at dei gjer det til ei sosial happening av eit slikt omfang, men naturlegvis òg at deltakarane får fagleg påfyll på høgt nivå. Det er heller ikkje lite motiverande for bønder med utbyggingsplanar å treffe folk som har satsa tidlegare og høyre deira erfaringar. Spesielt er også det nettverket som har utvikla seg mellom bønder i ulike med slikt utstyr. Dei treffest ofte på både sosialt og fagleg plan og her eit nært samarbeid. Når alarmen går, er det gjerne ein kollega i nærleiken som trår til om bonden sjølv er bortreist.       Det var inga lita forsamling som følgde med på fagseminara under kongressen i Trondheim.

Det er ikkje mange som gjer DDE rangen stridig som Noregs festlegaste band. Stemninga let ikkje vente på seg då dei spelte opp etter festmiddagen.

 

Kunne gjerne vore årleg

– Det bør bli årvisst og gjerne sirkulere rundt i landet. Kanskje trong dei ikkje å gjere det like omfangsrikt som dette arrangementet, seier Alf Kåre Mittet frå Eidsvåg i Møre og Romsdal.

– Det kjekke med ei slik samling er å få treffe andre robotbrukarar frå heile landet og høyre deira erfaring. Både med drift og servicetilbodet som var ein viktig grunn til at han i si tid valde nettopp dette merket. Det var dessutan eit veldig interessant fagleg innhald på kongressen, med stor breidde og kunnskap vi har nytte av i den daglege drifta, seier Mittet.

Fem års erfaring

Han har mjølkerobot i fjøset på femte året og vert berre meir og meir nøgd. Buskapen er godt tilvant dette mjølkingssystemet og roboten har vist seg å vere driftsstabil. Han stadfestar også det gode samarbeidet dei har i robotringane der han sjølv held til midt i ein slik.

– Vi har hatt eit par møte med godt fagleg innhald, fortel han, og nyss har han høyrt det er på tale med ein studietur. Akkurat kvar det er planar om å reise, hugsar han ikkje akkurat då vi prata med han.

– Men det har noko med ku å gjere, presiserer han.   Ein del av deltakarane frå Møre og Romsdal fotografert under festmiddagen. F.v. Anne Durio Bakken, Endre Stener, Lasse Stokke, Roy M. Morewood, Heidi Hatlelid, Linn A. Pettersen, Alf Kåre Mittet, Aleksander Morewood og Henning Jensen.