Moderne fjøs skal gje meir lammekjøt

14.02.2014 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Jan Ferstad | Nyhet

Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane går i bresjen for eit pilotprosjekt kalla «Sau i pluss». Dette er eit treårig prosjekt med mål om å stogge nedgangen i sauetalet i fylket og stabilisere det på eit tal på 75.000 sau. Rådgivar landbruksbygg Edvin Hugvik planlegg rasjonelle sauefjøs for framtidas sauebønder i fylket.