Korleis angripe ein byggeprosess?

18.12.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Det er ikkje alltid like lett å vite kva som bør vere med i planlegginga når det skal lagast nye driftsbygningar.

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har eit levande landbruk med mykje engasjera bønder i området. I området ser produsentane mykje til utlandet, og då spesielt Danmark, for å hente inspirasjon til korleis dei skal vidareutvikle drifta si.

Bygningsplanleggar Hallgeir Gravelsæter frå NLR Rogaland har saman med Klepp Rekneskapslag og Susanne Pejstrup i Lean Farming laga eit forslag til korleis bønder som vil byggje kan gå fram rasjonelt.

> Frå idé til byggeplan

Lean Farming

Lean Farming arbeidar med å effektivisere arbeidet på garden. Dette inneber rutiner og planlegging av dagleg drift, men også vidareutvikling av drifta. Det er stort fokus på korleis logistikken skal vere i gardsdrifta, og dette er viktig for at ein ny driftsbygning skal fungere best mogleg.

> Lean Farming