Ope sauefjos i Noresund

18.12.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Det var kring 60 oppmøtte då Fjøssystemer invitera til ope saufjos hjå Bjørn Kristian Bråten i botnen av alpinbakken i Norefjell.

Ope sauefjos hjå Bjørn Kristian Bråten

Fjoset er planlagd for 245 vinterfôra sau og brukast for fyrste gong vinteren 2013/ 14. Det er planlagt med omsyn til god dyreflyt og enkel flytting av dyr med drivgong i midten av bygget og langs ytterveggane.

Rullande fôrbrett

Ein rundballerivar heng i talje og forsynar to rullande fôrbrett med grovfôr. Kraftfôr vert også tildelt her, og dette gjev ei enkel og arbeidsparande fôrhandtering. Fôrbrettet køyrast i retur for enkel handtering av fôrrestar.

Systemhus

Tore Krogsveen frå Fjøssystemer har planlagd bygget, som er ei totalpakke kalla «Systemhus». Bygget har open gjødselkjellar med blautgjødsel. Sauene går på plastrister med knottar slik at dei er sklisikre. Bråten sitt fjos i Norefjell er bygd med stålbogar og sandwichelement i veggar og tak.

—Me har levert fleire slike bygg med både sandwich- og massivtreelement, seier Krogsveen.

Mellom bingane og mot drivgongar er det nytta plastpanel som er slitesterke og lette å halde reine. Dei har dører mot drivgangane som gjer det enklare å sortere dyr. Det er i alt 12 bingar som dyra kan sorterast i for å kunne gruppere dyr etter hald, lammetal og alder og tilpasse fôringa etter behov.

Nattlys i lamminga

I fjøset er det installert belysning frå Agrilight som gjev gode moglegheiter for behageleg nattljos i lamminga som ikkje stressar søyene samtidig som røktar får god oversikt.

> Flere sauefjøs, Fjøssystemer

 

 Planteikning av det nye sauefjoset, av Tore Krogsveen, Fjøssystemer

 

 

Enkel tilgong til drivgangar frå sauebingane

 

 

 Dei besøkande under opent fjos- arrangementet ser på løysingane i suaefjoset til Bjørn Kristian Bråten

 

 Rullande fôrbrett: Denne løysinga sparar mykje arbeid for røktar, samtidig som fôrtroa ikkje treng å vere veldig brei