Byggesøknader for landbruksbygg

28.11.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Hans Emil Dale | Nyhet

Når prosessen er komen so langt at ein har bestemt seg for å bygge ny driftsbygning eller tilbygg til eksisterande bygg, er byggesøknaden ei av sakene som må på plass.

Byggesøknader kan være kompliserte prosesser, byggrådgiverne i Norsk Landbruksrådgiving har lang erfaring og tar oppdrag på byggsøk

Det er i hovudsak to typar av byggesøknadar ein kan bruke her, alt avhengig av størrelsen på utbygginga: Plan- og bygningslova § 20-2 Tiltak som krev søknad og tillating og som tiltakshavar stå for:.

  1. Oppføring, plassering, vesentlig endring, vesentlig reparasjon, riving av, eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 m² bruksareal (BRA).
  2. Tilbygg til driftsbygning dersom bygningens totale areal inkludert tilbygget ikkje overstig 1000 m² bruksareal (BRA).

Ut frå dette kan ein utlede at ved oppføring av nybygg under 1000 m² (BRA) kan ein bruke søknadstypen: Søknad om tiltak utan ansvarsrett. Gårdbrukaren kan då sjølv vere ansvarleg for tiltaket. Denne søknadstypen kan og brukast for tilbygg til eksisterande driftsbygning der arealet av eksisterande bygning og nybygg ikkje overstiger 1000 m². (BRA).

Ved bygging utover arealgrensa på 1000 m² (BRA) er det krav om ansvarlege føretak og byggesøknaden blir straks meir kompleks.

Komplett søknad gjev raskare sakshandsaming

Vår erfaring med byggesøknadar er at for å få desse handsama raskast mogeleg må søknaden vere komplett. Det vil seie at alt av teikningar og andre relevante vedlegg må ligge ved. Når byggesøknaden er mangelfull og ein må til å sende meir dokumentasjon og utfyllande opplysningar til kommunen, begynner tida å gå fort.

Skal det utarbeidast søknad med ansvarsrett må gardbrukaren velje kva firma/entreprenørar han ynskjer å bruke i prosjektet slik at dei kan levere relevante dokument som vedlegg i byggesøknaden. Dette vil og naturlegvis kunne ta noko tid.

Ved begge søknadstypane er det er det viktig at det blir vedlagt gode og oversiktlege teikningar. Det skal vedleggast plan, snitt og fasadeteikningar, samt situasjonsplan som viser bygningen si plassering og med avstandar til eigedomsgrenser, andre bygningar og offentleg veg.

Veg og tilkomst

Ligg tiltaket innanfor byggegrensa for offentleg veg, må ein søkje vegeigar om dispensasjon frå dette byggeforbodet. Skal ein bruke eksisterande tilkomst treng ein vanlegvis ikkje å foreta seg noko ,men skal det etablerast ny tilkomst/avkøyrsle til byggetomta må ein få løyve til det av vegeigar. Naboar og tverrbuarar skal varslas om tiltaket. Liste over kven som skal varslast får ein vanlegvis med ein førespurnad til kommunen.

Artikkelen inneheld berre dei mest vanlege vedlegga i ein byggesøknad.

Norsk Landbruksrådgiving  har sentral godkjenning som ansvarleg søkjar og kan utarbeide byggesøknadar på oppdrag.

 

> Byggrådgivere i Norsk Landbruksrådgiving