Hotell for kviger i Finland

29.10.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Juho Kurvenoja har sett opp eit kvigehotell kor bønder kan tinge hald av kviger frå kring seks månadars alder fram til like før dei skal kalve

Kvigehotell hos Juha Kurvenoja

Oppstallinga kostar €2- 2,5 per døgn og dette inkluderer kost og losji. I tillegg ser Juho til at kvigene vert inseminera og har kalv når dei leverast attende kring to år gamle. Alder på kvigekalvane kan variere når dei sjekkar inn på hotellet, alt frå 2 til 6 månader. No har Juho 6 kundar i 20 mils omkrins. Dyrebilen tar med seg nye kvigekalvar når den leverar attende kalvingsklare kviger.

Ei slik ordning vil verte ein balanse mellom kor mykje bonden kan betale og kor mykje hotellet kan nøye seg med for å klare seg. Juho fortel at det ikkje har vore så lukrativt dei fyrste åra, men har tru på systemet og reiknar med at det vil gå seg til.

To husdyrbygg

Hotellet har to bygg med skilde fôrbrett. Dei har ein open langvegg mot fôrbrettet og tre tett veggar. Det eldste huset frå 2011 har talleunderlag, medan det nye har liggebåsar med sand og betonggolv som vert skrapa med traktor. I tillegg til husdyrbygningane er det eit lagerbygg og gjødsellager som ligg på tvers av husdyrbygga i enden.

Både tallefjoset og liggebåsfjoset har eit skrapeareal i framkant kor dyra vert lukka ute frå og her vert skrapa med traktor. Liggebåsfjoset har i tillegg eit skrapeareal i bakkant som skrapast på same måte med traktor.

Fôringa skjer maskinelt med ei fullfôrvogn bak ein traktor. Ei heimelaga skuffe for teleskoptrucken nyttast til å dytte fôret inntil dyra. Fôrbrettet er støypt medan resten av plassen ute er asfaltera. Bygningane er bygd med 1 % fall slik at underlaget skal drenerast frå husdyrromma.

Husdyrbygningane kosta €250.000 kvar medan lagerbygget og asfaltering av plassane kosta om lag €100.000 i tillegg.

h

 

 

 

> Haalin hiehohotelli

> Til Finland for å hente inspirasjon

> Standardisering av storfebygg

> Samarbeid i bondens byggeprosjekt