Ny byggrådgiver i Landbruk Nordvest

09.09.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Bjørn Steinar Skarbø er tilsett som ny byggrådgiver i Landbruk Nordvest. Han har tidlegare arbeid innan same arbeidsområde hjå Fylkesmannen, og ser fram til å arbeide med landbruksbygg att.

Ny byggrådgiver i Landbruk Nordvest: Bjørn Steinar Skarbø
Skarbø er 57 år og busett i Ørskog i Møre og Romsdal. Av bakgrunn er eg sivilagronom frå UMB den tida det heitte NLH, nærare bestemt i 1983. Etter utdanninga arbeidde han fyrst eit halvt år i vikariat som lektor i Tekniske fag ved Tveit Jordbruksskule.

Etter dette arbeidde han fire år som lektor i Tekniske fag ved Langvin jordbruksskule.

Deretter arbeidde Skarbø eitt år som fylkesagronom i tekniske fag og tre år som prosjektleiar i bygningsplanlegging med same kontor, men med kontorplass på Tingvoll.

Etter dette arbeidde Bjørn Steinar tre og eit halvt år som konsulent ved Statens fagteneste for landbruk / NLH fagtenesten, Forskingsparken i Ås og Senter for etter og vidareutdanning. Dette var midt i ein hektisk omorganiseringsperiode innan forskingsformidling midt på 90-talet. Arbeidsoppgåvene var kurs, etterutdanning, studiereiser seminar og liknande.

I 1996 fekk Skarbø meg jobb som journalist i Bygdebladet, ei lokalavis som dekker kommunane Ørskog, Skodje, Stordal, Vestnes og Haram. Som journalist i lokalavis kjem ein borti nær sagt det som kan tenkjast av stofftilfang i ei avis. Stadig noko nytt å ta tak i og sjeldan ein dag som gjekk slik den var tenkt. Bjørn Steinar har også hatt verv som leiar og styremedlem i Møre og Romsdal Journalistlag i vel 12 år til saman.

I Bygdebladet vart Skarbø verande i 17 år før eg let med freiste til å søkje og ta imot stillinga som bygningsplanleggar i Landbruk Nordvest. Her starta han 2. september.

-Eg er svært spent, naturlegvis. Mykje har skjedd sidan eg var borti fagområdet, og det vert dermed ein heil del å sette seg inn i, seier Skarbø.
-Dette håper eg naturlegvis skal gå greitt, men er budd på å måtte legge meg i selen for å lære og repetere, fortset han.

Av andre interesser er Skarbø engasjert i lokalhistorisk arbeid i heimkommunen og elles engasjert i foreiningsarbeid og har vore ein heil del engasjert i frivillig arbeid opp gjennom åra.
-Eg har også eit par hus og ein småbrukseigedom som skulle vore stelt meir med, smilar han.

> Landbruk Nordvest

> Bygningsrådgivere NLR