Nytt sauefjos undervegs i Lyngdal

15.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Vanja og Øystein Hadland har bygd seg nytt sauefjos med plass opptil 160 sau i Lyngdal i Vest Agder. I tilknyting til sauefjoset byggjer han ei eiga avdeling med hundegardar, kor han har planar om å ha hundehotell.

Øystein Hadland (t.v.) saman med bygningsplanlegger Alf Gunnar Nøkland

Byggjet delast grovt sett i to på langs kor den eine delen vert eit stort husdyrrom med sau, medan den andre vert ein hundekennel, kontor og kanskje ei katteavdeling. Det gamle fjoset på garden brann tragisk ned hausten 2012, og når Vanja og Øystein skulle byggje nytt valde dei sau framfor storfe. Sauane går stort på øyer i området i sommarhalvåret, men Hadland håpar at dei kan få komme inn i nytt sauefjos til vinteren.

Bygningsplanleggjar Alf Gunnar Nøkland frå Norsk Landbruksrådgiving Agder tykkjer at det har vore eit veldig interessant prosjekt å arbeide med då det har vore fleire dyreslag som skal tasom til under same tak. Saueavdelinga vil verte uisolera med naturleg ventilasjon inntil vidare, medan kontor og kennel vert isolera med ein kald hems over.

-Sjølv har eg to- tre hundar, og når eg må stelle desse kvar dag kan eg like godt stelle nokre til, meiner Øystein Hadland. Sjølv har han gjetarhundar av rasen Boarder Collie og mykje av grunnen til at han valde å gjere denne kennelen er av eiga interesse. Han håpar å få ein kundekrets som set pris på tilbodet og som delar hass syn på hundehald, som han kanskje også kan tene noko på.

I byggjeprosessen har Hadland arbeidd grundig når han har henta inn prisar og handla materiell, og har spart inn på kostnadane slik. Han har også fått saga opp dei grovaste dimensjonane i reisverket sjølv, då desse er særskild mykje å spare på. Det er plasstøypt kjellarar i bygget og reisverk i tre. Under sauefjoset vert det gjødselkjellar, medan det under kennel og kontor er ein disponibel kjellar. Denne skal kanskje brukast til hesteboksar eller lager, men det har ikkje Hadland tatt heilt stilling til endå.

 

>Plan- og Snitteikning, Alf Gunnar Nøkland, Norsk Landbruksrådgiving Agder