Bygde om hønsehuset til mjølkekufjos

13.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Reidar Roda og Harald Lunde på Finnøy i Rogaland bygde om Rodas hønsehus til mjølkekufjos då det kom nye reglar for hald av høns i bur. Kyrne er nok godt nøgde med eit godt inneklima og sjøutsikt.

Godt nøgd: Reidar Roda framom det ombygde hønsehuset

Då dei bygde om hønsehuset tok dei vekk ein vegg i hønsehuset, erstatta den med søyler og gjorde fjoset breidare. Den påbygde delen er open og fôrbrettet ligg ytst i denne. Dei held kring 60 mjølkekyr og 500 tonn i mjølkekvote.

-Me hadde milde vintrar og varmt klima i tankane då me bygde dette, og sjølvsagt vart den fyrste vinteren i det nye fjoset uvanleg kald, fortel Reidar Roda. Han fortel vidare at det fungera fint i fjoset, sjølv om temperaturane vart under -15 grader. Med den opne veggen i den eine enden og ein tett vegg bak, er det eit godt innemiljø samtidig som det er lite trekk i husdyrromet. Det er lite lukt og støv som er fordelaktig for både folk og fe. Løysinga har også vorte særs kostnadseffektiv då ein kunne nytte den gamle bygningsmassen frå hønsehuset.

Fjoset stod ferdig tilbake i september 2009, og det tok fire månadar å byggje om. Dei har mjølkegrav med tre tandemstallar på kvar side. Grovfôr vert tildela med traktor og fullfôrvogn, medan dei får kraftfôr frå to stasjonar. Fint kutta grovfôr gjev lite fôrsøl, og gardbrukarane merkar at kyrne et opp så godt som alt fôret i det opne fjoset.

Det er Harald Lunde som har den daglege drifta av garden, medan Roda driv som maskinentreprenør. Dei to er gode vener, og samarbeidar godt. -Eg tykkjer det er fint å kunne seie at me båe kan ta fire veker ferie som bønder, seier Roda. Han tykkjer det er fint å vere i ei samdrift som fungerar godt.


Flott utsikt: Kyrne til Harald og Reidar kan ikkje klage på utsikta

> Plan- og snittegning, av Torvald Øvrebø, Felleskjøpet Agder og Rogaland