Nytt kjølelager på Wiig gartneri

08.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Hjå Wiig Gartneri er det sett opp eit nytt kjølelager for grønnsaker i samband med eksisterande bygg. I det same bygget vert også varene vaska, pakka og distribuera frå.

Teknisk leiar Allert Bore Middelthon og eigar Kåre Wiig framom det nye kjølelageret

Gartneriet er eit av Noregs største og då er god logistikk viktignår grønnsakar skal vaskast, pakkast og distribuerast. Eigar Kåre Wiig og teknisk leiar Allert Bore Middelthon er godt nøgde med logistikken i det nye bygget, som dei tykkjer har vorte godt effektivisera. Hallgeir Gravelsæter frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har teikna lagerbygget.

Grønnsakene vert køyrd rett inn på kjølelageret frå åkeren. Når grønnsakene vert kjøla ned kort etter hausting vert haldbarheita betre. Dagen før eller same dag som varene skal ut vert dei vaska og pakka. Heile kassar tømmast i vaskaren direkte frå kjølelageret og sendast gjennom pakkemaskinen. Ferdig pakka varer køyrast tilbake til lageret kor dei vert sortera for distribusjon. Teknisk leiar Middelthon tykkjer at produksjonslinja fungerar veldig godt.

Wiig Gartnerig har om lag 600 daa frilandsproduksjon av kål, kålrot, brokoli og knollselleri. Hovudproduksjonen består av tomat og agurk i veksthus.Det nye kjølelageret nyttast mykje til langtidslagring av kålrot, men også tilå få ned temperaturen raskt særskilld på brokoli som det er stor produksjon av om sommaren.

> Wiig Garteneri

> Planteikning, Hallgeir Gravelsæter, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland