Bygde fjos til 800 vinterfôra sau

01.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Pål Egil Rønn og Øystein Rudi har bygd sauefjos i lag, med plass til heile 800 vinterfôra sau. Fjoset i Sør-Fron, Gudbrandsdalen, har vore i bruk i vinter etter at det sto ferdig i oktober 2012.

Det nye sauefjoset til Pål Egil Rønn og Øystein Rudi tek seg godt ut

Rønn og Rudi har i tillegg til det funksjonelle vore opptekne av korleis bygget skal sjå ut, og korleis det passar inn i tun og landskap. Difor har dei vald å kle heile bygget, som er sett opp med ståldragarar og sandwichelement. I gavlveggane er det også store vindauge som gjev mykje ljos inn samstundes som fasaden vert flott å sjå på. Sauefjoset passar godt inn i området og gjeng, tross sin storleik, godt med landskapet og eksisterande bygg.

I vinter har det vore 350 sauer i fjoset, neste vinter viltalet vere oppe i over 500 sau. Fjoset har fungera godt, og effektiv tildeling av både grovfôr og kraftfôr frigjer tid til ettersyn og andre aktivitetar, sjølv om dei har fleiredyr. Rønn og Rudi har teikna og planlagt mykje på fjoset sjølve, medan Fjøssystemer har levera det meste av i-mek.

Fjoset er innreia med rullande to fôrbrett og fire kraftfôrstasjonar. Dei held opent mellom bingane på kvar av dei fire rekkene slikat sauene får tilgang til kraftfôrstasjon. Det er mogleg å stengje heile vegen.Dei rullande forbretta er montera høgare for å redusere risiko for at lam kjem inn på forbrettet. I lamminga kan også det gamle fjoset nyttast med ekstra plass ettersom dyretalet aukar.

I fôrsentralen vert rundballar lessa opp i fullfôrblandar med hjelp av traktor, og denne finkuttar, blander og matar grovfôr ut på dei to rullande fôrbretta. For kopplam har Rønn og Rudi mjølkefôringsautomat.

Rønn og Rudi har avtale om direkteleveranse av kvalitetslam til Annis Pølsemakeri, og tek dermed att ein god del av leveransen etter slakt. Øystein Rudi har saman med kona Nina utvikla Rudi Gard til eit kultursenter som står for både opne kulturarrangement og store arrangement for bedrifter og private. Rudi er kjent for god mat, og også her står eigne lam på menyen.

> Planteikning, av Knut Evensen, Fjøssystemer