Nytt hønsehus med aviar i Atrå

07.06.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Då dei nye reglane om bur til verpehøns tredde i kraft, måtte mange eggprodusentar vurdere kor vidt dei skulle investere i nye innreiingar eller gje seg. Hjå Ingebjørg Stegarud i Atrå i Tinn kommune vart det eit nytt hønsehus med plass til 7500 i aviar.

Fornøyd med nytt hønsehus: Ingebjørg Stegarud

Fyrste innsett i det nye huset var tilbake i oktober 2011, medan det andre innsettet var i februar i år. Sjølv om Ingebjørg var vand med eggproduksjon var det ei heilt ny utfordring å halde hønene i aviarsystem, men ho tykkjer denne utfordringa er spanande. «Fyrste gong eg såg eit slikt system, tykte eg det såg veldig fint ut» seier ho. Vidare tykte ho det var fint å sjå korleis hønene bevega seg i huset.

Hønsehuset i Atrå har tre rader med aviar og verpekassar i midten som har to samleband for egg. Ute i pakkerommet er det ei eggplukkemaskin som plukkar 30 egg per brett. Maskina fungera ikkje heilt optimalt i starten av det fyrste innsettet, men gjer ein god jobb når innstillingane er tilpassa.

Kjell Tangen frå Norsk Landbruksrådgiving Østafjells har teikna på forprosjektnivå, medan Torstein Lye frå Felleskjøpet Agri har teikna planen for innreiinga og den lokale entreprenøren A til Å har stade for arbeidsteikningar og arbeida med planering av tomta og oppføring av bygget. Til det elektriske arbeidet vart det etter anbefalingar frå andre som har bygd nytta ein elektrikar med erfaring frå hønsehus.

Kjølelageret vart bygd større enn anbefala, noko Ingebjørg var godt nøgd med. Ho kunne også tenkt seg ei større dør ut til pakkelageret, men meiner detter ikkje er kritisk.

Eigen gjødselkjellar

Då huset vart bygd vart det laga ein gjødselkjellar i den eine enden, ei løysing som Ingebjørg er godt nøgd med. Det har gjort at når gjødselbanda startast to gonger i veka, er det mest alt arbeidet som trengs med gjødselhandteringa. I tillegg må kjellaren tømmast ei gong i løpet av eit innsett. Det er også ein stor fordel at ein ikkje treng å opne døra ut når ein gjødselbanda køyrer og får dermed eit meir stabilt inneklima.

Lite hakking

Det har vore lite tilfelle av at hønene har hakka på kvarandre, sjølvom det var nokre tilfelle med det fyrste innsettet. Dette viste seg å skuldast hanane som gjekk med verpehønsa, og problemet var så og seie borte etter desse

 vart fjerna.

 

>Planteikning, Torstein Lye, Felleskjøpet Agri