Bygde om reiskapshuset til sauefjos

07.06.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme | Nyhet

Då Knut Sondre Homme i 2010 byrja med saueproduksjon, bygde han med enkle middel det gamle reiskapshuset om til sauefjos. Resultatet vart ein enkel og billeg bygning som samstundes fungerer veldig godt

Det var når ein nabo ville gje seg med si sauedrift at Knut Sondre fekk tilbod om å ta over sauane hass. Då dette interessera han, var han samtidig ikkje sikker på korleis han kom til å greie denne nye utfordringa med full jobb på sida. Løysinga vart å bruke den eksisterande byggmassen i det game reiskapshuset.

Reiskapshuset vart forlenga med ein plass for traktor, og eit uteareal med tak for sauane. Det vart lagt opp straum og vatn, då dette ikkje var her frå før. Materiala vart saga på eiga sag, og innreiinga vart kaupa bruka medan utbygginga vart teikna hjå plankontoret Hallvard Homme AS. I bingane er det talle som køyrast ut med traktor etter behov. I lamminga settast det opp lammebingar inne i fjoset.

Knut Sondre er godt nøgd med løysinga og trivast godt i fjoset kor han har hatt mellom 50 og 60 sau i vinter. Saman med to andre sauebønder samarbeider han om å hauste fôr, og delar mykje av utstyret med desse. Fôringa skjer i utearealet med rundballar to gonger i veka.

 > Planteikninar og fasadar, Hallvard Homme