Ny bok: Lys i fjøset – liv i låven

08.02.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) | Nyhet

Tidlegare fylkeskonservator i Nord-Trøndelag, Kolbein Dahle, har gjeve ut boka "Lys i fjøset – liv på låven" med støtte frå handlingsprogrammet for landbruksbygg og kulturlandskap.

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune har gjennomført prosjektet Verdiskaping i ledige landbruksbygg i Nord-Trøndelag. Hausten 2011 vart Kolbein Dahle spurd om han kunne tenkje seg å lage ein rapport om temaet. Han meinte at stoffet var så interessant at det burde bli bok i staden for berre ein rapport. Bokideen hadde alt fått arbeidstittelen "Lys i fjøset". Seinare føya han til "liv på låven".

Det har vist seg at kreativiteten i ledige landbruksbygg omfatta langt meir enn fjøs og låvar - også folk, dyr og andre hus må reknast med. Boka skal vere ei inspirasjonskjelde for dei som har ledige bygg og fantasifulle idear, men også for alle dei som leitar etter nye besøksmål i eit flott fylke.

Kolbein Dahle er utdanna etnolog med byggeskikk som særlig interessefelt. Han har bakgrunn frå fleire folkemuseum før han kom til Nord-Trøndelag som fylkeskonservator. Han har også hatt liknande stilling på Svalbard og i Sør-Trøndelag.

> Boka kan tingast frå nettbokhandelen til Embla Forlag

ISBN: 978-82-92577-62-2 Pris: 199,00 kr