Handbok om ny bruk av ledige landbruksbygg

21.09.2012 (Oppdatert: 04.03.2015) | Nyhet

Handboka gjev rettleiing og idear for deg med planar om gjenbruk av garden sine bygningsressursar.

Ei redaksjonsnemnd nedsett av Fylkesmannen i Hordaland har produsert rettleiingsheftet, som er utgjeve av ei arbeidsgruppe nedsett av Landbruks- og matdepartementet. Arbeids­gruppa sitt mandat rettar seg i mot å skape næringsutvikling i den gamle bygningsmassen i landbruket. Eit viktig tiltak i denne samanheng har vore å utarbeide skriftleg materiell som kan nyttast av eigarar og forvaltning for å stimulere til dette arbeidet.

Arbeidsgruppa har hatt fylgjande samansetning:
• Ole Bakkebø, Fylkesmannen i Hordaland (leiar)
• Per Olav Skjølberg, Norsk Landbruksrådgiving (sekretær)
• Sivert Gravem, Innovasjon Norge, Møre og Romsdal
• Lars Alhaug, Norges Bondelag
• Bård Langvandslien, Riksantikvaren

Hjelp i gjenopplivingsprosessen

- Dette prosjektet skal sette eit søkelys på dei gamle bygningane i vårt vidstrakte og varierte land som har utspelt sin tradisjonelle rolle i landbruket. Desse ulike bygga er særmerkte for det landskapet dei står i og den rolle dei har hatt gjennom tidene. På landsplan dreier det seg om mange hundre tusen bygningar med ulik tilstand og kulturhistorisk interesse. Dette heftet er tenkt å vera til hjelp i gjenopplivingsprosessen for nokre av desse bygningane, skriv landbruksdirektør Ole Bakkebø, Fylkesmannen i Hordaland.

Heftet tek mellom anna føre seg arkitekturarven i landbruket, landbruksbygg som kulturminne, aktuelle etatar og lovverk, finansiering, konsulenttenester, skatte- og avdragsfradrag gjennom bruk av bygningar, prosjektfasar, utviklingsfasar og potensiale for verdiskaping.

I heftet er det fleire døme på vellukka prosjekt med bilete og teikningar.

> Last ned heftet her (pdf)