Kan fjøset bli heimebakeri og låven selskapslokale?

21.09.2012 (Oppdatert: 04.03.2015) | Nyhet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har plukka ut sju gardar som eksempel på ny bruk av ledige driftsbygningar. Gardane er presenterte på eigne nettsider.

Knut og Vigdis Remmem leiger ut rom til selskap og firma, og held servering til selskap i det gamle hovudhuset på Remmem gard i Rauma kommune.

Dei gamle bygningane representerer eit potensiale for næringsutvikling. Det finst gode eksempel på bygningar som anten med enkle grep eller med meir omfattande ombygging har tilført ekstra inntekt og gjeve nytt liv på dei gardane dei høyrer til. Gjennom arbeidsgruppa "Ny bruk av ledige landbruksbygg" har Fylkesmannen i Møre og Romsdal fått tildelt midlar til å lage ei eksempelsamling frå fylket.

Til inspirasjon

På nettsida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal finn du eksempel på bygningar som har fått ny bruk. Det kan vere til husdyrhald, spesialisert matproduksjon, turisme, sals- og servicebedrifter, musikkproduksjon o.l.

Kanskje du finn inspirasjon og får idear til kva du kan gjere om du har ein driftsbygning ståande ubrukt?

Ta gjerne kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen eller Fylkesmannen om du tenkjer å gjere noko med den ledige driftsbygningen, eller om du har spørsmål om prosjektet.

Kontaktpersonar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er:
Synnøve Valle, synnove.valle@fmmr.no, 71 25 81 58
Byrge Fitje, byrge.fitje@fmmr.no, 71 25 81 44

Dei sju gardane som er plukka ut i Møre og Romsdal:

> Langset Øvre

> Lensmannsgården 

> Yterlia gard

> Krøvel Øvre

> Solstrand gard

> Skogan friluftsgård

> Remmem gård

> Kavli gard

Svein Erik Aamås driv eige lydstudio, Audiofarm AS,
 i den gamle sauefjøsen på garden Solstrand
 på Vatne i Åmdalen i Ørsta kommune.