Kvitaløo

23.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme

(Alle foto: Arnhild Bleie)

Eigar: Arnhild Bleie

 

 

Plassering kloss ved kommunal veg gjer at ein ikkje kan ha låvebru. Inngangstrapp frå vegnivå opp til loftet, pluss toalettanlegg, vart dermed bygt nytt etter samråd med brannvernkonsulent.

Sia starten har lokalet vist seg å ha potensiale for mangfaldig bruk: festlokale frå vogga til grav, bygdepub, konsertar, møte osv. Fleksibel møblering gjer at ein kan ha både små og store grupper her: god bordplass til minst 40 – 50 stk, og utan bord, t.d. ved konsertar, kan ein ha fleire her.

Det er ikkje storkjøken i tilknytning til lokalet. Servering ordnast frå lokalt cateringselskap, evt. kan folk ha med eigen mat etter avtale. Eit stort nytt kjølerom i kjellar på løo kan nyttast til mat ved behov.

Bygningen ligg i LNF-område. Men det er ingen spesielle krav frå det offentlege då utleigd flate er mindre enn 1/3 av totalareal.

Prosjektet er finansiert med lån i lokal bank, tilskot frå prosjektet “Frukt og bær rundt neste sving” og eigenkapital. Det er lagt ned stor eigeninnsats.


Det gamle høyloftet i ein tre etasjers driftsbygning blei tatt i bruk som festlokale 1. august 2009 i samband med bryllup på garden. Lokalet er uisolert og høver best til bruk i den varme årstida. Ein del tematiske ’museumskrokar’ av eigne gardsminne er samla for å dekorere veggane, og gi dei ein synleg og verdig lagringsplass.

www.hardangerharmoni.no