Kvemmadokkje

23.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme

Tekst og foto: Ole Bakkebø

Husmannsplassen Kvemmadokkje ligg i Ulvik i Hardanger. Eigar er Johan Børsheim. Dette var ein tidlegare husmannsplass som vart fråflytta midt på 1800-talet av folk som drog til USA.

Eigaren har no fullstendig tilbakeført husmannsplassen med sine bygningar slik den opphaveleg var, både innvendig og utvendig. Interiørar er også søkt bevart og synleggjort.

Kulturbasert næringsutvikling

Bygningane vert i dag nytta som tilleggsnæring på garden. Husmannsplassen er av stor interesse for norsk-amerikanarar på besøk til gamlelandet. I tillegg vert plassen og området nytta til konsertar, drama og andre festsamkomer. Dette er svært interessant døme på transformering av gamal bygningsmasse til nye næringar.

> Kvemmadokkje

 

 

(Foto: Victor Jensen)