Møre og Romsdal

23.07.2013 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Tor Gunnarson Homme

 

Kan fjøset bli heimebakeri og låven selskapslokale?

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har plukka ut sju gardar som eksempel på ny bruk av ledige driftsbygningar. Gardane er presenterte på eigne nettsider.

Dei gamle bygningane representerer eit potensiale for næringsutvikling. Det finst gode eksempel på bygningar som anten med enkle grep eller med meir omfattande ombygging har tilført ekstra inntekt og gjeve nytt liv på dei gardane dei høyrer til.

Gjennom arbeidsgruppa Ny bruk av ledige landbruksbygg har Fylkesmannen i Møre og Romsdal fått tildelt midlar til å lage ei eksempelsamling frå fylket.

På nettsida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal finn du eksempel på bygningar som har fått ny bruk. Det kan vere til husdyrhald, spesialisert matproduksjon, turisme, sals- og servicebedrifter, musikkproduksjon o.l.

Kanskje du finn inspirasjon og får idear til kva du kan gjere om du har ein driftsbygning ståande ubrukt?

Ta gjerne kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen eller Fylkesmannen om du tenkjer å gjere noko med den ledige driftsbygningen, eller om du har spørsmål om prosjektet.

Kontaktpersonar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er:
Synnøve Valle, synnove.valle@fmmr.no, 71 25 81 58
Byrge Fitje, byrge.fitje@fmmr.no, 71 25 81 44

Dei sju gardane som er plukka ut i Møre og Romsdal:

> Langset Øvre

> Lensmannsgården

> Yterlia gard

> Krøvel Øvre

> Solstrand gard

> Skogan friluftsgård

> Remmem gård

> Kavli gard