Landbruksbygg og kulturlandskap

17.04.2013 (Oppdatert: 02.01.2017) ,  Tor Gunnarson Homme

Det vart avsett midlar til dette femårige programmet på Jordbruksavtala i 2007. Programmet skulle framskaffe ny kunnskap, finne flaskehalsar og manglar i regelverk, samt formidle erfaringar frå utviklingsprosjekt og gode byggetiltak. Landbruks- og matdepartementet leia styringsgruppa og Statens landbruksforvaltning hadde sekretariatsfunksjonen. Programmet dekkja tre tema, og det vart nedsett tre arbeidsgrupper:

Arbeidsgruppe 1

Nye landbruksbygg og kulturlandskap, som arbeidde med å betre landskapstilpassing og utforming av nye landbruksbygg.

Arbeidsgruppe 2

Ny bruk av ledige landbruksbygg, som arbeidde med å legge til rette for ny bruk av ledige landbruksbygg.

Arbeidsgruppe 3

Kulturhistorisk viktige landbruksbygg, som arbeidde med å utvikle metode og retningslinjer for kartlegging av kulturhistorisk viktige landbruksbygg.